Oppbevaring av skimmingsutstyr ved ankomst Oslo
Høgsteretts dom, 14.10.2010, HR-2010-01745-A, (sak nr. 2010/1103), straffesak, anke over dom
Straffelova §§ 12 andre ledd og 186
A (advokat Anders Brosveet) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Geir Evanger)
Dommarane: Matningsdal, Tønder, Noer, Webster, Schei
A var i lagmannsretten dømd til fengsel i eitt år og tre månader for å ha oppbevart skimmingutstyr da han kom til Oslo med ei ferje frå Danmark. Det aktuelle utstyret var dessutan inndrege, men kravet frå påtalemakta om å inndra ein personbil som A køyrde da han kom, var ikkje teke til følgje.
For Høgsterett gjaldt anken til A straffutmålinga i lagmannsretten, medan påtalemakta anka over at bilen ikkje var inndregen.
Utanom anken oppheva Høgsterett dommane i tingretten og lagmannsretten og avviste saka frå domstolane. A var dømd for brot på straffelova § 186, som rammar den som ”til Forberedelse af Dokumentfalsk forfærdiger eller anskaffer” forfalskingsverktøy – i dette tilfellet det aktuelle utstyret for ”skimming”. Men fordi utstyret var skaffa og/eller tilverka i utlandet, og fordi A er utlending, gav ikkje straffelova § 12 første ledd nr. 4 bokstav a heimel for å straffe brotet i Noreg. Straffelova § 12 andre ledd, som fastset at visse handlingar som er gjorde i utlandet, også har gjerningsstad i Noreg, blei heller ikkje brukt. Da brotet på § 186 er fullbyrda straks etter anskaffinga og/eller tilverkinga, oppfylte ikkje tilhøvet kravet i andre ledd om at handlinga er undergitt norsk strafferettsleg jurisdiksjon når straffbarheita av handlinga ”avhenger eller påvirkes av en inntrådt eller tilsiktet virkning”.
I dommen er det også slått fast at det aktuelle skimmingutstyret er omfatta av § 186 sjølv om det berre kan brukast til første fase i ein produksjon av falske kort. Det blei vist til at det var tilstrekkeleg at utstyret var del av ein nødvendig, toledda prosess.