Rekkjevidda av straffelova § 390 a om krenking av freden til ein annan
Høgsteretts dom, 29.06.2010, HR-2010-01126-A, (sak nr. 2010/408), straffesak, anke over dom
A (advokat Cecilie Schjatvet) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Katharina Rise)
Dommarane: Indreberg, Møse, Bårdsen, Utgård, Coward
Sommaren 2007 sende A i alt 46 tekstmeldingar til direktøren i Utlendingsnemnda, B. Meldingane blei sende fordi A, medlem av Støttenettverket for afghanske flyktninger, var opprørt over at afghanarar som hadde fått avslag på asylsøknadene sine, blei returnerte til Afghanistan. I meldingane gjer A det klart at ho, og ”vi”, vil halde B personleg ansvarleg dersom noko skjer med dei returnerte afghanarane. Elles inneheld meldingane ulike utsegner om korleis A vurderer handlemåten til norske styresmakter og B.
Tingretten fann at handlingane ikkje var omfatta av straffelova § 390 a, og frifann A. Lagmannsretten domfelte henne og fastsette straffa til ei bot på 10 000 kroner og inndraging av mobiltelefonen hennar. Høgsterett forkasta anken hennar.
Høgsterett peikte på at ei enkelt, eller nokre få, av desse meldingane i utgangspunktet ikkje kunne ha gitt grunnlag for strafforfølging. Men det store talet på meldingar, som blei sende dagleg over eit lengre tidsrom, gjer at saka kom i ei anna stilling. Ein del av meldingane er også sende seint på kvelden. Den vedvarande påpeikinga av at B ville bli halden personleg ansvarleg av avsendaren, og av eit ukjent ”vi”, var dessutan eigna til å skape utryggleik hos mottakaren – noko det også gjorde. Direktøren for Utlendingsnemnda må tåle kritikk og mishagsytringar, men òg personar i ei slik stilling har behov for vern mot plagsam åtferd som krenkjer freden deira. Høgsterett fann det ikkje i strid med vernet om ytringsfridommen å domfelle for desse handlingane. A hadde fullt ut høve til å ytre offentleg kva ho meinte om heimsendinga av dei afghanske asylsøkjarane og om B si rolle i det – noko ho også gjorde.