Straffutmåling ved domfelling for grov familievold

Høgsteretts dom 10.02.2010, HR-2010-00242-A, (sak nr. 2009/1976), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Geir Evanger)

Straffelova § 219 andre ledd

Dommarane: Tønder, Flock, Øie, Indreberg, Schei

Saka gjaldt straffutmåling ved domfelling for grov familievold, jf. straffelova
§ 219 andre ledd.

Den domfelte hadde i ein periode på drygt to og eit halvt år ved fleire høve utøvd vald, truslar, tvang og andre krenkingar overfor ektefellen sin – til dels med den mindreårige dottera deira til stades. Overgrepa skjedde når den domfelte var rusa, noko han var i aukande grad. Dei psykiske skadeverknadene var alvorlege både for ektefellen og barnet – begge hadde diagnosen posttraumatisk stressliding. I tillegg til dom for brot på straffelova § 219 andre ledd, som gjeld grov familievald, blei han dømd for to tilfelle av truslar i samband med pågripinga, jf. straffelova § 227. Tingretten sette straffa til fengsel i to år, som lagmannsretten heldt ved lag.

Høgsterett forkasta anken over straffutmålinga frå den domfelte. Det blei lagt vekt på at valdshandlingane, saman med truslane, tvangen og anna krenkjande åtferd, danna eit mønster som gjorde at ektefellen måtte leve under eit ”regime” prega av kontinuerleg utryggleik og frykt for vald. Som eit tilleggsmoment kom at overgrepa til dels hadde skjedd i nærvær av det mindreårige barnet deira. Det blei også vist til at det ved ei endring i 2005, som tredde i kraft 1. januar 2006, av mellom anna strafferammene i § 219, låg ei klar målsetjing om å skjerpe straffa for familievald.

Les avgjørelsen i sin helhet