Spørsmål om utløysing etter sameigelova § 13 kan gjerast gjeldande overfor ein som tek over ein sameigepart, når utløysingskravet byggjer på avhendaren sin eventuelle misbruk før avhendiga
Høgsteretts dom, 04.02.2011, HR-2010-00271-A, (sak nr. 2010/1441), sivil sak, anke over dom
Haldis Eilertsen mfl. (advokat Brynjar Østgård) mot Geir Arne Jensen (advokat Thor Hager Thorkildsen)
Dommere: Tønder, Normann, Møse, Sandberg, Matningsdal
Saka gjaldt spørsmål om utløysing etter sameigelova § 13 kan gjerast gjeldande overfor ein som tek over ein sameigepart, når utløysingskravet byggjer på avhendaren sin eventuelle misbruk før avhendinga.
Etter å ha gitt fleire åtvaringar for misbruk av råderetten over ein sameigepart varsla dei andre sameigarane i september 2008 vedkommande sameigar om at det ville bli teke ut søksmål om utløysing av sameigeparten. I oktober 2008, før det var teke ut stemning, overdrog sameigaren parten til sonen sin, Geir Arne Jensen.
Dei andre sameigarane reiste søksmål mot Geir Arne Jensen om utløysing av parten etter sameigelova § 13. Tingretten frifann Jensen og gav som grunn at det ikkje kunne reisast utløysingskrav mot den som hadde teke over parten etter han som hadde misbrukt råderetten. Lagmannsretten kom til same resultat.
Fleirtalet i Høgsterett (dommarane Tønder, Møse og Sandberg) var einige med dei tidlegare rettane. Fleirtalet fann at både ordlyden i lova og forarbeida peikte i retning av at utløysingsretten først oppstod ved avgjerda i retten, og at kravet om utløysing derfor ikkje kunne reisast mot andre enn misbrukaren. At dei andre sameigarane kunne ha interesse av å overta parten sjølve, eventuelt kontrollere kven som skulle overta han, kunne ikkje vere avgjerande. Det blei i denne samanhengen lagt vekt på at utløysingsretten måtte kunne gjerast gjeldande i tilfelle der det låg føre proformaoverføring, eller der den som tok over parten, kunne identifiserast med misbrukaren.
Mindretalet (dommarane Matningsdal og Normann) meinte at utløysingsretten oppstod ved misbruket, eller i alle fall da det blei gitt varsel om søksmålet, og at utløysingsretten for sameigarane ikkje fall bort ved overdraginga.