Familievaldsak der både mor og dotter var krenkte

Høgsteretts dom, 31.10.2011, HR-2011-02011-A, (sak nr. 2011/1001), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Kristian Jarland)

Dommarane Utgård, Endresen, Arnesen, Normann, Matningsdal

Høgsterett kom til at det ikkje var nokon feil av lagmannsretten når krenkingar av mor og dotter var sedde på som eitt strafflagt tilhøve. Føresetnaden for ei slik samla vurdering må vere at det er tale om handlingar som er vovne inn i einannan.

Det er også omtale av Høgsteretts kompetanse i prøving av bevis. Det kunne i saka ikkje leggjast til grunn at lagmannsretten hadde misforstått eit bevis, eller at bevisvurderinga strei mot klare og uomtvistelege faktiske tilhøve.

Saka var behandla med to konstituerte dommarar, i tillegg til ein fast lagdommar som leiar av retten. Bruk av to konstituerte dommarar var ingen feil. Dette låg til grunn i Rt. 1998 side 1786, og er ikkje seinare endra.

Høgsterett fann ikkje grunnlag for å fråvike straffa som var fastsett i lagmannsretten på fengsel i eitt år og to månader. Det vart vist til at tilhøvet dels var frå før ei lovendring med skjerpa straff i 2006, og at lagmannsretten ikkje hadde ført tilhøvet inn under føresegna om grov mishandling.

Anken frå domfelte vart etter dette forkasta.

Les heile avgjerda