Saka gjaldt bruken av forsettsforma dolus eventualis, også kalla eventuelt forsett
Høgsteretts dom, 24.08.2011, HR-2011-01599-A, (sak nr. 2011/682), straffesak, anke over dom
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta(førstestatsadvokat Runar Torgersen)
Dommarar: Bull, Endresen, Gjølstad, Stabel, Schei
Saka gjaldt bruken av forsettsforma dolus eventualis, også kalla eventuelt forsett, ved domfelling for drapsforsøk som blei gjord medan gjerningsmannen var rusa. Om forsettet uttalte lagmannsretten:
”Tiltalte tenkte seg muligheten av at hans kjøring ville forårsake fornærmedes død. Tiltalte tok bevisst det standpunkt at han ville kjøre på fornærmede selv om dette skulle føre til at fornærmede ble drept. Ved vurderingen av tiltaltes forsett er det sett bort fra mulig svekket vurderingsevne som følge av selvforskyldt rus.”
Den domfelte meinte at ein måtte forstå dette slik at lagmannsretten hadde dømt han som om han var edru, og komme til at han i så fall ville ha tenkt seg at den krenkte kunne døy som følgje av påkøyrslane, og at han bevisst ville ha teke det standpunktet at han ville køyre på den krenkte sjølv om dette skulle føre til at den krenkte døydde. Ei slik fingering av dolus eventualis var det etter hans meining ikkje høve til etter norsk rett. Det blei vist til at ein etter alminneleg oppfatning ikkje kan fingere overlegg eller formål, og da kunne ein heller ikkje fingere eit bevisst val. Vidare var dolus eventualis i form av den såkalla hypotetiske innvilgingsteorien uttrykkjeleg avvist i rettspraksis.
Påtalemakta meinte på si side at dommen i lagmannsretten ikkje gav uttrykk for fingert dolus eventualis, men var basert på at den domfelte reint faktisk bevisst hadde valt å køyre på den krenkte sjølv om dette skulle føre til at vedkommande døydde. Subsidiært var det etter norsk rett høve til å byggje på eit fingert dolus eventualis. Rettskjeldebiletet gir berre grunnlag for å avskjere fingering av overlegg, og dessutan av formål når formål utgjer eit særleg subjektivt straffleggingsvilkår i tillegg til det forsettet som skal dekkje det objektive gjerningsinnhaldet i straffebodet.
Høgsterett kom til at dommen i lagmannsretten ikkje bygde på eit fingert dolus eventualis. Dette følgde av formuleringa sitert ovanfor og av andre fråsegner i dommen. Setninga om svekt vurderingsevne på grunn av sjølvforskyldt rus måtte i denne samanhengen lesast som ei påpeiking av at det var mogleg at gjerningsmannen tenkte som han gjorde, fordi han på grunn av rus ikkje hadde normale moralske hemningar. Dette er ingen frifinningsgrunn.
Når det etter dette ikkje var nødvendig å gå inn på spørsmålet om det er mogleg å fingere dolus eventualis for å ta stilling til anken, gjekk Høgsterett heller ikkje inn på dette.