Saka gjaldt lovbruken og straffutmålinga ved domfelling for brot på straffelova § 266 om utpressing.

Høgsteretts dom, 19.10.2011, HR-2011-01958-A, (sak nr. 2011/705), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlige påtalemyndighet (statsadvokat Arvid Malde)

Dommere: Matheson, Utgård, Webster, Arnesen, Tjomsland

Saka gjaldt lovbruken og straffutmålinga ved domfelling for brot på straffelova § 266 om utpressing. 

Den domfelte var frifunnen i tingretten, men dømd i lagmannsretten for utpressing etter straffelova § 266 av eit beløp på 250 000 kroner. Straffa var sett til fengsel i 1 år og 10 månader. Dette var ei fellesstraff med ei usona resttid etter prøvelauslating frå ein lagmannsrettsdom om grov narkotikakriminalitet frå 2005. 

Den domfelte hadde gjennom åtferda si ført den fornærma bak lyset ved å få han til å tru at dottera til den fornærma og den domfelte ville bli drepne av bakmenn dersom ei narkotikagjeld ikkje blei gjord opp. Den domfelte heldt fram at han ved åtferda si ikkje hadde tvinga den fornærma til å betale på ein slik måte at § 266 kunne takast i bruk, men at tilhøvet måtte subsumerast etter den mildare føresegna i § 270 som bedrageri. 

Høgsterett forkasta anken over lovbruken. Det blei uttalt at tvang ligg føre der gjerningspersonen ved ei rettsstridig åtferd skaper eit press på den fornærma som er bestemmande for korleis vedkommande handlar. Tvang kan liggje føre når den fornærma reint faktisk har moglegheit til å stå imot presset, men opplever at konsekvensane gjer det påkravd å la vere. Lagmannsretten hadde derfor brukt lova riktig når dei kom til at det trykket som var skapt om at menneskeliv kunne gå tapt, var tilstrekkeleg til å ta i bruk § 266. Høgsterett uttalte at ein ikkje kunne forstå Rt. 1992 side 445 slik at det der var bygd på ei rettsoppfatning som veik av frå dette. 

Høgsterett kom etter ei konkret vurdering til at straffa for brotet på § 266 skulle vore fastsett særskilt og ikkje som fellesstraff med usona resttid etter straffelova § 54 nr. 3. Straffa blei ut frå storleiken på beløpet, karakteren av utpressinga og dei gjentekne straffedommane den domfelte hadde, sett til fengsel i 6 månader.

Les heile avgjerda