Saka gjaldt straffutmåling for mellom anna forsøk på overlagt drap

Høgsteretts dom, 19.12.2011, HR-2011-02354-A, (sak nr. 2011/1365), straffesak, anke over dom

A(advokat Arild Holden) mot Den offentlege påtalemymakta (kst. statsadvokat Hi8lde K. Sakariassen)

Dommarar: Falkanger, Arnesen, Noer, Webster, Skoghøy

Saka gjaldt straffutmåling for mellom anna forsøk på overlagt drap. Det sentrale spørsmålet var om den domfelte skulle dømmast til forvaring i staden for tidsavgrensa fengselsstraff.

Drapsforsøket skjedde som følgje av ei ueinigheit mellom den krenkte og kjærasten til den domfelte, og det blei utført ved at den domfelte oppsøkte den krenkte i bustaden hans og stakk han med kniv fleire gonger i hals- og nakkepartiet.

Sjølv om det var enkelte positive trekk i utviklinga til den domfelte, kom Høgsterett til at det var ein ”nærliggende fare” for at han på nytt ville utføre eller prøve å utføre eit alvorleg valdsbrotsverk, jf. straffelova § 39 c nr. 1. Det blei lagt særleg vekt på at han – trass i at han berre var 22 år – var dømd for slike brotsverk ei rekkje gonger tidlegare. Valdshandlingane hadde gjennomgåande vore utførte mot tilfeldige og uskuldige personar, utan noka form for provokasjonar.

Spørsmålet var så om ei tidsavgrensa fengselsstraff ville vere tilstrekkeleg til ”å verne samfunnet”. Høgsterett gav i denne samanhengen uttrykk for at ei alternativ fengselsstraff på ni år ville ha vore passande her, og at det var situasjonen ved soning av heile straffa som var avgjerande.

Forsvararen gjorde gjeldande at det ved vurderinga av samfunnsvernet måtte stillast same krav til fare som ved vurderinga etter straffelova § 39 c nr. 1 andre punktum, altså at dom på forvaring føresette at det var ”nærliggende fare” for at den domfelte på tidspunktet for lauslatinga på nytt ville gjere eit slikt brotsverk som nemnt i nr. 1 første punktum. Høgsterett var ikkje einig i dette. Ordlyden krev berre at den tidsbestemte straffa ikkje ”anses tilstrekkelig til å verne samfunnet”. Høgsterett har i ei rekkje avgjerder halde seg til ordlyden, og spor etter eit krav om ”nærliggende fare” finst heller ikkje i forarbeida. Enkelte nyare avgjerder frå Høgsterett kunne riktignok lesast slik at dei støtta synspunktet til forsvararen, jf. Rt. 2010 side 676, Rt. 2010 side 1424 og Rt. 2010 side 1595, men desse avgjerdene drøftar ikkje dette tolkingsspørsmålet, og ein såg det som forsvarleg å sjå bort frå dei i denne samanhengen.

Etter ei konkret vurdering blei det konkludert med at tidsbestemt fengselsstraff ikkje var tilstrekkeleg til å verne samfunnet.

Les avgjørelsen i sin helhet