Saka gjaldt behandlinga av eit pådømt oppreisningskrav der det var anka over lovbruken ved avgjerda av straffekrav

HRkjennelse, 10.11.2011, HR-2011-02098-A, (sak nr. 2011/863), straffesak, anke over dom

A (advokat Gunnar K. Hagen) mot Den offentlegepåtalemakta (statsadvokat Tor Henning Knudsen) og B (bistandsadvokat Harald Stabell)

Dommarar: Arnesen, Bull, Endresen, Webster, Gjølstad

Saka gjaldt behandlinga av eit pådømt oppreisningskrav der det var anka over lovbruken ved avgjerda av straffekravet, men ikkje kravd fornya behandling av eit pådømt oppreisningskrav knytt til same post i tiltalevedtaket.

Ein mann blei i lagmannsretten dømd for brot på straffelova § 219 første ledd bokstav a, og til å betale erstatning for ikkje-økonomisk skade til den tidlegare sambuaren sin. Domfellinga omfatta både handlingar han hadde utført medan dei budde saman, og handlingar han hadde utført etter at forholdet var slutt. I dommen som er teken inn i Rt. 2011 side 469, kom Høgsterett til at ein sambuar ikkje kunne likestillast med ”ektefelle” i § 219 første ledd bokstav a. Ein konsekvens av dette var at handlingar som var utførte etter at eit sambuarskap hadde teke slutt, ikkje blei ramma av § 219. Føresegna er seinare endra, slik at tidlegare sambuarar no er verna.

Den domfelte anka til Høgsterett over lovbruken ved avgjerda av straffekravet. Dette blei avgjort av Høgsterett i dom 12. september 2011. Her blei det peika på at lagmannsretten hadde bygd på ei forståing av § 219 første ledd bokstav a som var i strid med den rettsoppfatninga som seinare kom til uttrykk i Rt. 2011 side 469, og domfellinga blei oppheva på dette punktet. I skranken for Høgsterett blei det gjort gjeldande utanfor anken at også lagmannsretten si avgjerd av oppreisningskravet frå den tidlegare sambuaren måtte opphevast. Under tilvising til at dette kravet var sett fram så seint at verken den krenkte eller bistandsadvokaten hadde vore kjende med at det ville bli behandla, kom Høgsterett til at behandlinga av oppreisningskravet måtte utsetjast.

Etter den vidare behandlinga av kravet om ny behandling av det sivile kravet og om oppheving av lagmannsretten si avgjerd av oppreisningskravet fann Høgsterett at krava høvesvis måtte avvisast og ikkje takast til følgje.

Høgsterett peika på at krava i straffeprosesslova § 434 tredje ledd ikkje var tilfredsstilte, og at heller ikkje straffeprosesslova § 318 første ledd kom til bruk. Forsvararen hadde også gjort gjeldande at straffeprosesslova § 342 tredje ledd kunne brukast analogisk, men dette førte ikkje fram. Høgsterett fann heller ikkje at det var så sterke prosessuelle band mellom straffekravet og det sivile kravet at det at anken over straffekravet førte fram, også skulle få konsekvensar for avgjerda av det sivile kravet. Saka tok seg dermed annleis ut enn i Rt. 2009 side 1070, og anken førte ikkje fram.

Les avgjørelsen i sin helhet