Saka gjeld straffutmåling for omgang med rundt fem kilo hasj
Høgsteretts dom, 28.06.2011, HR-2011-01286-A, (sak nr. 2011/558), straffesak, anke over dom
A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta(statsadvokat Stein Vale)
Dommarar: Øie, Skoghøy, Stabel, Indreberg, Gjølstad
Saka gjeld straffutmåling for omgang med rundt fem kilo hasj og reiser spørsmål om det bør dømmast til samfunnsstraff, særleg på grunn av lang saksbehandlingstid.
A blei ved tilståingsdom domfelt for grovt narkotikabrotsverk, jf. straffelova § 162 første og andre ledd. Grunnlaget var at han 13. februar 2006 overleverte omkring fem kilo hasj til ein person i X sentrum. A hadde sjølv teke imot narkotikapartiet same dag i Y. Oslo tingrett sette straffa til fengsel i eitt år. As anke over straffutmålinga til Borgarting lagmannsrett blei forkasta. Han anka over straffutmålinga til Høgsterett og gjorde gjeldande at han skulle ha vore dømd til samfunnsstraff.
Lagmannsretten hadde teke utgangspunkt i at tilhøvet – før frådrag for formildande omstende – kvalifiserte til ei straff av fengsel i eitt og eit halvt år. Høgsterett hadde ikkje innvendingar mot dette utgangspunktet i ei sak som denne, der ein person i relativt kort tid hadde hatt med fem kilo hasj å gjere – som kurer innanfor Noregs grenser.
Lagmannsretten hadde vidare gitt frådrag i straffa på til saman seks månader for lang saksbehandlingstid og tilståing. Sentralt for Høgsterett var den lange saksbehandlingstida – nesten fem år frå den straffbare handlinga skjedde, til dommen i lagmannsretten blei gitt. Det hadde gått nesten to år frå lovbrotet skjedde, til politiet opplyste A om at han var mistenkt for narkotikabrotsverk. Politiet blei tidleg kjend med tilhøvet gjennom telefonkontroll i samband med etterforsking av eit sakskompleks som involverte minst åtte personar i tillegg til A. Av taktiske grunnar ønskte ein likevel ikkje å informere A om mistanken mot han før i desember 2007, da det blei bestemt at saka hans skulle skiljast ut som ei eiga sak. Slik Høgsterett såg det, var det legitimt av politiet å vente med å ta kontakt med A av omsyn til etterforskinga mot dei andre mistenkte. I eit tilfelle som dette – der det måtte leggjast til grunn at A hadde ei perifer rolle i den totale narkotikaverksemda som var under etterforsking, og der politiet tidleg hadde tilstrekkelege bevis mot han – måtte ein ved straffutmålinga likevel leggje vekt på tidsbruken. Lang saksbehandlingstid etter at det blei gitt varsel, kom derimot av tilhøve hos A sjølv og kunne ikkje føre til frådrag i straffa. Samla sett kom Høgsterett til at lagmannsretten hadde gitt eit tilstrekkeleg stort frådrag for lang saksbehandlingstid og tilståing.
Sidan A sjølv var skuld i store delar av tidsbruken, fann Høgsterett det klart at verken tidsbruken aleine eller tidsbruken og tilståinga i kombinasjon kunne grunngi bruk av samfunnsstraff. Anken blei derfor forkasta.