Saka gjaldt straffutmåling for innførsel av ca. 3 kg opium
Høgsteretts dom, 19.10.2011, HR-2011-01957-A, (sak nr. 2011/924), straffesak, anke over dom
Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Arne Ingvald Dymbe) mot A (advokat John Christian Elden)
Dommere: Webster, Arnesen, Noer, Stabel, Skoghøy
Saka gjaldt straffutmåling for innførsel av ca. 3 kg opium.
Den domfelte fekk tilsendt ein postpakke med eit brettspel der opiumet var gøymt. Rettspraksis har ikkje etablert noko nivå for straffutmåling for å ha med opium å gjere. Ettersom opium har mange av dei same ruseffektane som heroin, fann Høgsterett at det var naturleg å ta utgangspunkt i straffutmålingspraksisen for heroin.
I samanlikninga blei begge typar stoff rekna om til brukardosar ut frå den mest sannsynlege bruksmåten. Opium er det vanlegast å røykje, medan det er mest vanleg å injisere heroin. Etter denne tilnærmingsmåten fann Høgsterett at forholdstalet mellom vanleg styrkegrad heroin og vanleg styrkegrad opium var ca. 1:25. Dette forholdstalet blei så justert, dels fordi det blir røykt noko heroin, og dels fordi opium generelt er eit mindre farleg stoff, særleg med tanke på overdosedødsfall.
Etter dette blei forholdstalet sett til 1:28. Partiet med opium som var innført, svarte til drygt 100 g heroin, og straffa blei sett til fengsel i tre år og tre månader.