Saka gjeld tolking av straffelova § 224 om menneskehandel
Høgsteretts dom, 01.09.2011, HR-2011-01645-A, (sak nr. 2011/760), straffesak, anke over dom
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Petter Mandt) mot A (advokat Erling O. Lyngtveit)
Dommarar: Øie, Bårdsen, Noer, Normann, Schei
Saka gjeld tolking av straffelova § 224 om menneskehandel.
A var tiltalt for mellom anna fire tilfelle av grov menneskehandel, jf. straffelova § 224 andre ledd bokstav c, jf. første ledd, jf. tredje ledd, jf. fjerde ledd, og for produksjon av barnepornografi, jf. § 204 a. Grunnlaget var at han rundt torsdag 20. april 2006 i ------ gata -- i X, Ukraina, i eit fotostudio som tilhøyrde B, betalte pengar til B og/eller til dei føresette til fire jenter i alderen 11 til 16 år for å få lov til å ta barnepornografiske bilete av jentene.
Tingretten domfelte A for grov menneskehandel og produksjon av barnepornografi. Etter anke over tiltalepunktet om grov menneskehandel, frifann lagmannsretten A for dette tilhøvet. Ved straffutmålinga for produksjon av barnepornografi la retten til grunn at bileta skulle vere til eige bruk.
Påtalemakta anka til Høgsterett over frifinninga for grov menneskehandel. Anken gjaldt særleg tolkinga av omgrepet ”utnyttelse” i innleiinga i § 224 første ledd. Grovt sagt var problemstillinga om straffebodet berre rammar tilbydarsida i menneskehandelen – det vil seie den som formidlar offeret for menneskehandel til marknaden, og bakmannsapparatet – eller om også personar på mottakarsida kan rammast. Høgsterett avgrensa drøftinga til å gjelde mottak av enkeltståande seksuelle tenester frå eit offer for menneskehandel. Om løysinga kunne ha vore ei anna ved meir omfattande kjøp eller mottak av slike tenester, hadde Høgsterett ikkje grunn til å gå inn på.
På bakgrunn av fråsegner i forarbeida fann Høgsterett det klart at det å ta imot enkeltståande tenester av seksuell karakter frå eit offer for menneskehandel, ikkje er ramma av straffelova § 224 om menneskehandel, og anken blei forkasta.