Saka gjaldt spørsmål om utmåling av straff for ein far som hadde teke dottera, som barnevernet hadde omsorga for, bort frå fosterforeldra

Høgsteretts dom, 30.06.2011, HR-2011-01311-A, (sak nr. 2011/701), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (kst.statsadvokat Kirsti Guttormsen) mot A (advokat Bendik Falch-Koslung)

Dommarar: Webster, Akerlie, Falkanger, Utgård, Skoghøy

Saka gjaldt spørsmål om utmåling av straff for ein far som hadde teke dottera, som barnevernet hadde omsorga for, bort frå fosterforeldra, jf. straffelova § 216. 

Dottera hadde hatt ein turbulent oppvekst med ei narkoman mor i Sverige. Mora døydde i ei bilulykke, og dottera budde ein periode hos tanta si, som ho hadde eit svært nært tilhøve til. Etter ei stund flytta faren til Noreg, og dottera flytta etter. Det blei relativt raskt klart at faren ikkje makta å gi dottera adekvat omsorg, og ho blei da plassert i fosterheim. Tingretten og lagmannsretten hadde lagt til grunn at dottera hadde det bra i fosterheimen, men ho ønskte sterkt å bu hos tanta si i Sverige. I samband med eit helgesamvær tok faren dottera med til tanta og lét vere å levere henne tilbake til fosterheimen. Ho har sidan blitt buande i Sverige. Sosialtenesta i X har teke over omsorga for henne og plassert henne i fosterheim hos tanta.

Faren blei domfelt for brot på straffelova § 216. Lagmannsretten hadde sett straffa til ei bot på 20 000 kroner, subsidiært 15 dagars fengsel. Det var gjort frådrag for varetekt på 11 000 kroner i bota og seks dagar i den subsidiære fengselsstraffa. Det sentrale spørsmålet for Høgsterett var om bøtestraffa framleis kunne gjelde, eller om faren måtte dømmast til fengselsstraff.

Høgsterett kom til at det klare utgangspunktet når det er tale om å unndra omsorg for barn som er tekne hand om av barnevernet, må vere fengselsstraff. Under tvil blei det likevel lagt til grunn at bøtestraff var tilstrekkeleg i dette tilfellet. Særleg sentralt var omsynet til barnets beste og den spesielt sterke tilknytinga ho hadde til tanta. Den løysinga som var etablert for barnet i Sverige, såg ut til å vere betre enn den som var etablert i Noreg. Varetektsfrådraget lagmannsretten hadde gjort i bota, var for stort og blei justert ned til 8 000 kroner.

Les avgjørelsen i sin helhet