Berekning av kommunalt vatn- og avløpsgebyr der kommunen har valt ei todelt gebyrordning
Høgsteretts dom, 13.09.2012, HR-2012-01769-A, (sak nr. 2012/489), sivil sak, anke over dom
Egil Ragnar Astad (advokat Svein Ueland) mot Sandnes kommune (advokat Rune Kanne)
Dommarar: Stabel, Endresen, Webster, Bull, Gjølstad
Saka gjaldt berekning av kommunalt vatn- og avløpsgebyr der kommunen har valt ei todelt gebyrordning med éin fast og éin variabel del. Brukaren vel sjølv om den variable delen blir betalt etter målt eller stipulert forbruk. Spørsmålet var om det registrerte bruksarealet for bustaden kan inngå som eit element ved berekninga av den faste delen. Astad gjorde – med støtte frå partshjelparen Ensliges Landsforbund – gjeldande at forureiningsforskrifta § 16-4 ikkje gav høve til dette, da bruksarealet ikkje er fast, men avspeglar forbruket.
Høgsterett – som behandla saka skriftleg i avdeling – kom til at kommunen si forskrift ikkje var i strid verken med lov eller forskrift. Innanfor ramma at berre faktiske utgifter skal dekkjast, står kommunane fritt til å berekne og fordele utgiftene til vatn og avløp. Der det er valt ei todelt ordning, skal den variable delen avspegle forbruk, men det er opp til kommunane å definere etter kva kriterium det faste elementet skal fordelast på abonnentane. Ordninga i Sandnes kommune var heller ikkje så sterkt urimeleg at ho av den grunn ikkje kunne oppretthaldast.