Gyldigheit av ektepakt
Høgsteretts dom, 06.06.2012, HR-2012-01182-A, (sak nr. 2011/1939), sivil sak, anke over dom
A (advokat Heidi Brandt) mot B (advokat Geir Peter Hole)
Dommarar: Indreberg, Kallerud, Matheson, Tønder, Gjølstad
Saka gjeld gyldigheit av ektepakt.
Ektepakta bestemte mellom anna at eksisterande og framtidige selskap var mannen sitt særeige, men at hustrua, dersom partane blei skilde, skulle ha ein prosentvis del av aksjane i selskapa, og at prosentsatsen var avhengig av kor lenge ekteskapet hadde vart.
Hustrua gjorde gjeldande at ekteskapslova § 42 ikkje opnar for ei trinnvis nedtrapping av særeige, og at ektepakta dermed var ugyldig. Høgsterett la avgjerande vekt på at ordlyden ikkje klart stengjer for avtalar om trinnvis nedtrapping av særeige, og meinte dei måtte godtakast. Men den konkrete avtalen var av ein annan karakter. Her var det ikkje tale om at særeige gradvis gjekk over til å bli felleseige, men at hustrua skulle ha ein viss del av mannen sitt særeige når ekteskapet tok slutt. Om det kan avtalast at ein del av særeiget skal gå til den andre på skiftet, var ikkje tema for Høgsterett. Anken frå hustrua blei dermed forkasta.