Krav om tilsetjing på grunnlag av reglane i arbeidsmiljølova om overdraging av verksemd
Høgsteretts dom 21.06.2012, HR-2012-01280-A, (sak nr. 2011/2085), sivil sak, anke over dom
Songa Services AS (advokat Arild Dommersnes), Stena Drilling AS (advokat Sigurd Holter Torp), Norges Rederiforbund (partshjelper) (advokat Are Gauslaa) mot Robert Sneddon, Kevin Smith, James Donald og Barry Denholm (advokat Eyvind Mossige) Landsorganisasjonen i Norge (partshjelper) (advokat Sigurd-Øyvind Kambestad)
Dommarar: Tønder, Indreberg, Kallerud, Matheson, Skoghøy
Saka gjaldt krav om tilsetjing på grunnlag av reglane i arbeidsmiljølova om overdraging av verksemd. Det var for det første spørsmål om det hadde skjedd ei overdraging som er omfatta av kapittel 16 i lova. For det andre var det spørsmål om personar som var utplasserte på ein borerigg etter såkalla secondmentavtalar, hadde ei slik tilknyting til riggen som arbeidsstad at reglane om overdraging av verksemd gjeld for dei.
Ein borerigg blei seld frå eit eigarselskap i Stena-konsernet til eit eigarselskap i Songa-konsernet. Overføringa av riggen skjedde i samband med at driftsavtalen med operatøren blei avslutta. Stena Drilling AS hadde hatt ansvaret for å drifte riggen. Riggen var bemanna med personell som var tilsett i Stena Drilling AS og tilsette i det Singapore-baserte selskapet Stena Drilling Pte Ltd. Personell frå det sistnemnde selskapet var utstasjonert til Stena Drilling AS på såkalla secondmentavtalar. Ankemotpartane i saka høyrde til denne kategorien.
Etter overdraginga heldt drifta av riggen fram med ny operatør og med Songa Management AS og Songa Services AS som ansvarlege for høvesvis drifting og bemanning.
Ankemotpartane gjorde krav på tilsetjing i Songa Services AS i kraft av reglane om overdraging av verksemd. Kravet blei avvist. I staden blei dei tilbakeførte til Stena Drilling Pte Ltd. for å bli utplasserte på andre riggar som høyrde til Stena-konsernet.
Høgsterett var einig med lagmannsretten i at vilkåra for verksemdoverdraging var oppfylte. Sjølv om ankemotpartane formelt var tilsette i Stena Drilling Pte Ltd., kunne dei gjere gjeldande rettane etter kapittel 16 i arbeidsmiljølova, da dei hadde tilstrekkeleg tilknyting til riggen som arbeidsstad og Stena Drilling AS hadde stått for alle arbeidsgivarfunksjonane. At dei som "seconderte" var undergitt flytteplikt, kunne ikkje få noko å seie når tilbakeføringa til Stena Drilling Pte Ltd. var ei direkte følgje av overføringa av riggen. Ankemotpartane hadde også krav på erstatning for økonomisk tap etter dei ulovfesta reglane om ansvar i kontraktsforhold, noko som ikkje gav grunnlag for erstatning for ikkje-økonomisk tap.