Saka gjaldt om og i tilfelle på kva måte eit selskap som var halde ansvarleg for skatt som aksjonærar busette i utlandet var likna for, kunne reise sak mot staten
Høgsteretts kjennelse, 02.02.2012, HR-2012-00274-A, (sak nr. 2011/1427), sivil sak, anke over kjennelse
Höegh Eiendom AS (advokat Einar Harboe) mot staten v/Skatt øst (advokat Morten Søvik)
Saka gjaldt om og i tilfelle på kva måte eit selskap som etter skattelova § 10-13 var halde ansvarleg for skatt som aksjonærar busette i utlandet var likna for, kunne reise sak mot staten.
Høgsterett la til grunn at det kunne reisast søksmål mot skattekontoret, som i gjennomskjeringstilfella blei rekna for å ha kompetanse til å gjere vedtak også om betalingsansvaret til selskapet. I søksmålet vil domstolane ikkje berre måtte prøve dei sjølvstendige motsegnene selskapet gjer gjeldande om ansvaret etter skattelova § 10-13. Når selskapet gjer gjeldande at det likningsvedtaket som fastset kjeldeskatt for aksjonærane, er ugyldig, må domstolane også gjennomføre ei prejudisiell prøving av dette.
Selskapet kan ikkje reise sak for å avgjere ansvaret til aksjonærane, men Høgsterett fann ikkje at søksmålet kunne forståast slik, og saka måtte da fremmast.