Spørsmål i sak om overskjønn ved oreigning av grunn til bybane i Bergen måtte opphevast

Høgsteretts dom, 13.04.2012, HR-2012-00743-A, (sak nr. 2011/1697), sivil sak, anke over overskjønn

Inge Kristian Kristoffersen (advokat Børje L. Hoff) mot Bergen kommune (advokat Ove Chr. Lyngholt)

Dommarane Utgård, Endresen, Falkanger, Matheson, Gjølstad

Spørsmålet i saka var om om overskjønn ved oreigning av grunn til bybane i Bergen måtte opphevast som følgje av manglar ved skjønnsgrunnane.

Anken gjaldt eitt av takstnumra, og for dette takstnummeret vart overskjønnet oppheva ut frå at skjønnsgrunnane var mangelfulle. På ein del av eigedommen stod det eit hus. Vederlagssummen for huset var ikkje nærare grunngitt. I skjønnet var  det heller ikkje sagt noko om kor stor tomt det var rekna med for huset. Dermed måtte også denne delen av verdsetjinga opphevast.

Det må stillast krav til skjønnsgrunnane når det gjeld kapitalisering av årlege tap ved fastsetjing av bruksverdi. Høgsterett uttala seg om dette under tilvising til tidlegare rettspraksis.

Fastsetjinga av ulempesvederlag for tilstøytande eigedom vart oppheva grunna den nære samanhengen det vil kunne vere mellom vederlag for avståing av grunn og vederlag for ulemper.

Les heile avgjerda