Spørsmålet om ein skade som ein tankbilsjåfør blei påført, er omfatta av motorvognansvaret etter bilansvarslova
Høgsteretts dom 14.02.2012, HR-2012-00326-A, (sak nr. 2011/1641), sivil sak, anke over dom
Gjensidige Forsikring ASA (advokat Bård Iversen) mot A (advokat Hasse Benberg)
Dommarar: Matningsdal, Stabel, Noer, Webster, Gjølstad
Idet han steig ned frå ein tankbil der avstanden frå golvet i førarhuset og ned til bakken var ca. 1,5 meter, sklei A og skadde skuldra slik at han har måtta gi opp sjåføryrket. Etter bilansvarslova § 4 omfattar ansvaret skade som motorvogna ”gjer”, og spørsmålet var om den aktuelle skaden var omfatta.
Tingretten kom under tvil til at skaden ikkje var omfatta av motorvognansvaret, medan lagmannsretten kom til det motsette resultatet. Høgsterett forkasta anken frå forsikringsselskapet.
Forarbeida nemner mellom anna skadar ved av- og påstiging som eksempel på skadar som kan vere omfatta av ansvaret. Høgsterett streka under at vilkåret ”gjer” inneheld eit årsakskrav. Ansvar føreset dermed at motorvogna må ha vore så vesentleg i årsaksbiletet at det er naturleg å knyte ansvar til henne. For skadar ved av- og påstiging vil det på den eine sida vere eit sentralt moment om motorvogna har ei utforming eller ei høgd som representerer ein større risiko enn normalt for personskade ved av- eller påstiging. På den andre sida vil framferda til den skadelidne kunne stå sentralt. I denne saka var det ikkje grunnlag for å klandre A for framferda hans, og under tilvising til det faremomentet som høgda på førarhuset utgjorde, kom Høgsterett til at skaden var omfatta av ansvaret. Forsikringsselskapet fekk ikkje medhald i ei utsegn om at ansvaret er avgrensa til skadar der den særskilde risikoen som motorvognansvaret tek sikte på å dekkje, har realisert seg