Utmåling av oppreising ved lekamsskading som har karakter av mishandling, utført av fleire mot ein forsvarslaus person, som har karakter av mishandling

Høgsteretts dom 18.10.2012, HR-2012-01975-A, (sak nr. 2012/269), sivil sak, anke over dom

A (advokat Hege K. Henriksson) mot B (advokat Jonny Sveen)

Dommarar: Tønder, Kallerud, Indreberg, Stabel, Matningsdal

Både tingretten og lagmannsretten hadde tilkjent den fornærma 80 000 kroner i oppreising for grov vald som hadde karakter av mishandling. Gjerningsmennene var dømde for brot på straffelova § 229 første straffalternativ, jf. § 232. Ein av dei anka oppreisingsdommen til Høgsterett.

Valden, som var eit oppgjer i eit narkotikamiljø, blei utført av tre personar ved at ein av dei heldt den fornærma nede medan dei andre slo og sparka han i kroppen og hovudet til han, etter å ha blitt "stempla" med ein fot i hovudet, svima av.

Høgsterett forkasta anken. Det blei vist til at hovudomsynet bak oppreising har vore dreidd mot kompensasjon til den fornærma, og at ein må ta utgangspunkt i ei objektivisert vurdering av kor grov handlinga var, og kva følgjer ho kan få. Ein såg vidare på den utmålte straffa, at lovbrotet skjedde etter lovendringa 25. juni 2010, da Stortinget heva strafferammene for mellom anna lekamsskading, og at samanliknbar rettspraksis skreiv seg frå før hevinga av den normerte oppreisinga for valdtekt til samleie frå 100 000 til 150 000 kroner. 

Les avgjørelsen i sin helhet