Lovbruk i lagmannsretten ved domfelling for grovt ran med døden til følgje
Høgsteretts dom, 09.02.2012, HR-2012-00292-A, (sak nr. 2011/1518), straffesak, anke over dom
A (advokat Trygve Staff) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Håvard Kalvåg)
Dommarar: Indreberg, Tønder, Endresen, Arnesen, Skoghøy
Saka gjeld lovbruk i lagmannsretten ved domfelling for grovt ran med døden til følgje, og spørsmålet er om skuldkravetmed omsyn til dødsfølgja, jf. straffelova § 43, er riktig brukt.
Agder lagmannsrett domfelte A til ei straff av fengsel i fem år for grovt ran med døden til følgje. Grunnlaget var at han, saman med B, hadde teke seg inn i leilegheita til ei 87 år gammal kvinne midt på natta. Dei hadde avtalt at A skulle leite etter pengar, medan B skulle sørgje for at kvinna ikkje skreik. Dei heldt seg til denne arbeidsdelinga. Før dei forlét leilegheita, la B kvinna på senga i mageleie, festa hendene hennar med strips på ryggen og la fleire puter og teppe over hovudet hennar. Neste dag blei ho funnen død i same stilling. Årsaka til dødsfallet var ein kombinasjon av smerte, stress, stillinga ho låg i, og at luftvegane var hemma.
A tok på seg ansvaret for grovt ran, men ikkje for dødsfølgja. Han meinte at leiaren for retten i foredraget til lagretten hadde gitt uttrykk for ei uriktig forståing av skuldkravet i straffelova § 43. Leiaren for retten hadde mellom anna uttalt at dersom A, før dei tok seg inn i leilegheita, hadde kunnskap om at B hadde med seg strips, ville det vere tilstrekkeleg til å kunne konkludere med at han kunne innsett risikoen for dødsfølgja. Det same var tilfellet dersom han hadde kunnskap om at ransofferet var forlate i ein hjelpelaus tilstand og ikkje kunne komme fri innan relativt kort tid etter at dei hadde forlate leilegheita.
Høgsterett peikte på at den kunnskapen det var vist til, måtte supplerast med den kunnskapen A elles hadde om ranet, og fann at foredraget ikkje gav uttrykk for ei uriktig forståing av straffelova § 43. Anken blei derfor forkasta.