Saka gjeld lovbruk og straffutmåling ved domfelling for å ha med GBL å gjere

Høgsteretts dom, 28.06.2012, HR-2012-01340-A, (sak nr. 2012/488), straffesak, anke over dom

A (advokat Erling O. Lyngtveit), B (advokat Erik Ulvesæter) C (advokat Anders Brosveet) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Arild Oma)

Dommarar: Tønder, Indreberg, Falkanger, Matheson, Utgård

Dei tiltalte var domfelte for å ha innført det narkotiske stoffet gammabutyrolakton (GBL). Ved fastlegginga av den nedre grensa for grovt narkotikabrotsverk og ved straffutmålinga tok lagmannsretten utgangspunkt i rettspraksis knytt til hasj. Spørsmålet var om lagmannsretten i denne samanhengen hadde lagt til grunn riktig forholdstal ved omrekninga av den mengda GBL som var innført, til den – i strafferettsleg samanheng – tilsvarande mengda hasj.

Lagmannen hadde i den protokollerte rettsutgreiinga gitt uttrykk for at eit kvantum av rundt 10 liter GBL kunne vere tilstrekkeleg til at lovbrotet måtte vurderast som grovt, noko som i utgangspunktet svarer til eit kvantum av 1 kilo hasj. Spørsmålet var om dette streid mot ei utsegn i Rt. 2009 side 780, der den førstvoterande sa seg einig da lagmannsretten oppgav tilhøvet mellom hasj og gammahydroksybutyrat (GHB) til 1:20 ("1 kilo GHB ved straffutmålinga kan samanliknast med 50 gram hasj").

På bakgrunn av utgreiinga frå dei sakkunnige om storleiken på av ein rusdose for høvesvis GBL og hasj kom Høgsterett til at tilhøvet mellom hasj og GBL som eit utgangspunkt var 1:10. Sidan rusverknaden av GBL skjedde etter omdanning til GHB, blei det konstatert motstrid mellom utsegnene. Utsegna i Rt. 2009 side 780 bygde på at omdanninga skjedde i ein kjemisk prosess der berre 70 % av den importerte mengda GBL lét seg omdanne til GHB, medan GBL i den aktuelle saka blei brukt ved direkte inntak (omdanning til GHB skjer i kroppen), noko som gav tilnærma 100 % utnytting. Allereie av denne grunnen gav Rt. 2009 side 780 lite rettleiing for saka. Også andre manglar ved berekningane lagmannsretten hadde gjort, tilsa at utsegna i Rt. 2009 side 780 ikkje kunne leggjast til grunn.

Det blei også reist spørsmål om alternativ til hasj som stoff å samanlikne med, men Høgsterett konkluderer med at straffenivået for å ha med hasj å gjere framleis bør vere retningsgivande. Straffa blei for alle dei tre tiltalte sett noko ned.

Les heile avgjerda