Spørsmål om forlenging av forvaring der den domfelte er sett fri på prøve

Høgsteretts dom 28.06.2012, HR-2012-01342-A, (sak nr. 2012/653), straffesak, anke over dom

A (advokat Øystein Storrvik) mot Den offentlige påtalemakta (kst. statsadvokat Guro Hansson Bull)

Dommarar: Falkanger, Matheson, Tønder, Indreberg, Utgård

Saka gjeld spørsmål om forlenging av forvaring der den domfelte er sett fri på prøve. Uttalt at sjølv om den domfelte var prøvelauslaten, var han framleis under forvaring på det tidspunktet forlenginga blei kravd, og at forlenging av tidsramma da kunne skje etter straffelova § 39 e andre punktum. Forlenging hadde som føresetnad at eitt av alternativa i § 39 c var oppfylt. Etter ei konkret vurdering fann Høgsterett at det no ikkje var nokon nærliggjande fare for nye alvorlege lovbrot.

Les heile avgjerda