Spørsmål om kor lenge eit jaktlag har jaktforbod etter at ein elg er skadeskoten

Høgsteretts dom, 12.09.2012, HR-2012-01757-A, (sak nr. 2012/1175), straffesak, anke over dom

A (advokat Ivar Hustad) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Per Morten Schjetne)

Dommarar: Webster, Bull, Falkanger, Matheson, Matningsdal

Saka gjaldt spørsmålet om kor lenge eit jaktlag har jaktforbod etter at ein elg er skadeskoten, jf. utøvingsforskrifta § 27.

A skaut ein elg medan det blei søkt etter ei elgku som var skadeskoten av jaktlaget hans. Ifølgje ordlyden i § 27 er det forbode å jakte så lenge ein søkjer etter eit skadeskote dyr. Spørsmålet var om føresegna måtte tolkast innskrenkande, slik at jaktforbodet berre gjeld så lenge jaktlaget har plikt til å søkje etter dyret. Fleirtalet – dommarane Webster, Falkanger, Matheson og Matningsdal – kom til at ordlyden måtte vere avgjerande, men røysta for at straffa kunne gjerast til vilkårsstraff på grunn av at påtalemakta hadde brukt lang tid.

Mindretalet – dommar Bull – fann at føresegna måtte tolkast innskrenkande i lys av dei andre setningane i paragrafen.

Les avgjørelsen i sin helhet