Straffutmåling for mellom anna lekamskrenking under særdeles skjerpande omstende

Høgsteretts dom, 28.06.2012, HR-2012-01338-A, (sak nr. 2012/406), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (kst.statsadvokat Sturla Henriksbø) mot A (advokat John Christian Elden)

Dommarar: Normann, Utgård, Indreberg, Bull, Skoghøy

Saka gjaldt straffutmåling for mellom anna lekamskrenking under særdeles skjerpande omstende, jf. straffelova § 228, jf. § 232 og falsk skulding, jf. § 168. Saka reiste særleg spørsmål om det var grunnlag for vilkårsstraff på det vilkår at den domfelte deltek i narkotikaprogram med domstolskontroll.

Lagmannsretten kom etter ei samla vurdering til at straffa som utgangspunkt passande kunne setjast til 9 månaders fengsel. Høgsterett fann ikkje grunn til å fråvike denne vurderinga.

Lagmannsretten kom vidare til at straffa skulle gjerast til vilkårsstraff på vilkår om narkotikaprogram med domstolskontroll. Høgsterett var ikkje einig i det.

Sjølv om lovgivaren har lagt opp til eit fleksibelt system, blei det, sett i lys av andre føresegner i forarbeida som beskriv kva som ligg i omgrepet "tungt belastede rusmisbrukere", noko anstrengt å plassere den domfelte i denne gruppa, jf. Ot.prp. nr. 81 (2004–2005) side 18.

Den domfelte var dømd for eitt narkotikalovbrot. Dei andre domfellingane gjaldt for det meste valdslovbrot. Høgsterett la til grunn at valdslovbrota kan ha hatt ein indirekte samanheng med narkotikarus, men dette gjekk ikkje direkte fram av dommane der han var dømd for desse brota. Høgsterett fann det derfor i denne saka ikkje naturleg å karakterisere desse lovbrota som narkotikarelaterte.

Det blei tillagt vekt at det i forarbeida er uttalt at formålet med straffa ikkje må tale mot straff i fridom, og at det ved grovare valds- og seksualbrotsverk er grunn til ei restriktiv linje, jf. Ot.prp. nr. 81 (2004–2005) side 20 og Rt. 2008 side 1495 avsnitt 21 og 22. Allmennpreventive omsyn talte derfor også mot å gjere straffa til vilkårsstraff.

Straffa blei etter dette fastsett til fengsel i 9 månader.

Les heile avgjerda