Straffutmåling ved lekamsskading der handlinga er utført etter 25.06.2010

Høgsteretts dom, 14.02.2012, HR-2012-00331-A, (sak nr. 2011/1927), straffesak, anke over dom

Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Geir Fornebo) mot A (advokat Halvard Helle)

Dommarar: Arnesen, Noer, Indreberg, Bårdsen, Matningsdal

Saka gjaldt straffutmåling ved lekamsskading der handlinga er utført etter 25. juni 2010, da straffene for mellom anna grov vald blei skjerpa ved ei lovendring.

Den domfelte og den krenkte var på same utestad. Dei kjende kvarandre frå før, og det hadde tidlegare vore usemje mellom dei. På utestaden fortalde den domfelte sambuaren til den krenkte at den krenkte og ein felles kjenning hadde brukt narkotika på toalettet på utestaden. Den krenkte sa at det ikkje var sant at han hadde brukt narkotika, og det oppstod ein krangel mellom den krenkte og den domfelte. Dei blei bedne om å forlate staden, og blei så einige om å gå ein annan stad for å ”diskutere” vidare. Denne ”diskusjonen” utvikla seg til ein heftig krangel, som enda med at den domfelte plasserte eit kraftig knyttneveslag på den høgre underkjeven til den krenkte, slik at underkjeven knakk. Den domfelte sprang deretter bort frå staden.

Både tingretten og lagmannsretten kom til at slaget ikkje kunne karakteriserast som ei nødverjehandling, og at det heller ikkje kunne leggjast til grunn at den domfelte blei provosert eller handla i rettkommen harme.

Lagmannsretten dømde til ei straff av fengsel i 120 dagar, ei skjerping av straffa i tingretten på fengsel i 60 dagar. Nordland statsadvokatembete anka dommen til Høgsterett. Anken gjaldt straffutmålinga.

Den krenkte måtte opererast for kjevebrotet, og fekk plagar med tanninfeksjon etter operasjonen, hovudpine og skeivt bitt. Han var også sjukmeld ein periode. Ein kunne ikkje forstå det slik at tingretten hadde vurdert om den domfelte kunne ha innsett risikoen for andre skadefølgjer av slaget enn kjevebrotet, og Høgsterett fann derfor ikkje å kunne leggje vekt på dei ved straffutmålinga.

Ved straffutmålinga blei det lagt vekt på at det dreidde seg om ei handling med stort skadepotensial utført på offentleg stad. Samtidig blei det peikt på at den typen vald saka gjaldt, ikkje ligg i kjerneområdet for det straffskjerpinga skal ramme – uprovosert vald og typisk gatevald. Gjerningsmannen og den krenkte kjende kvarandre godt frå før, det hadde tidlegare vore usemje mellom dei, og det eine slaget sette den aktuelle kvelden punktum for ei usemje som hadde eskalert over ei viss tid. Straffa blei sett til fengsel i fem månader. 

Les avgjørelsen i sin helhet