Utmåling av straff for brot på straffelova § 162 første ledd jf. tredje ledd første punktum

Høgsteretts dom, 29.06.2012, HR-2012-01358-A, (sak nr. 2012/367), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (kst. statsadvokat Anne Merethe Evenrud)

Dommarar: Indreberg, Utgård, Bull, Normann, Skoghøy

Saka gjaldt utmåling av straff for brot på straffelova § 162 første ledd jf. tredje ledd første punktum som var gjort før domfelling i to andre straffesaker. Dei tre sakene dreidde seg om å ha hatt med til saman 18,3 kilo heroin og 3,9 kilo amfetamin å gjere.

Den domfelte gjorde gjeldande at straffelova § 64 jf. § 62 jf. § 17 a innebar at den samla straffa for alle brota ikkje kunne overstige fengsel i 20 år. Da eitt av brota i sak 2 hadde skjedd etter at tingretten hadde sagt dom i sak 1, som etter rettspraksis er skjeringspunktet, jf. Rt. 2001 side 1606, fann eit fleirtal på fire dommarar at § 64 ikkje gjaldt ved pådømminga av dette forholdet. Fleirtalet meinte dermed at den samla straffa kunne overstige 20 år. Éin dommar – Utgård – meinte at § 64 må forståast slik at alle lovbrot som er pådømde før den siste saka, er omfatta av § 64, slik at 20-årsgrensa gjeld.

Sjølv om § 64 ikkje gjaldt for det eine brotet, blei det ved utmålinga av straffa teke eit visst omsyn til den samla soningstida. Dommen inneheld utsegner om når det kan gjerast.

Det blei fastsett ei fellesstraff med sak 2 på ti år, som var eitt år mindre enn det lagmannsretten hadde fastsett.

Les avgjørelsen i sin helhet