Erstatningsoppgjer ved delt byggherrestyrt entreprise
Høgsteretts dom, 07.11.2013, HR-2013-02344-A, (sak nr. 2013/535), sivil sak, anke over dom
Raad AS (advokat Nora Lund Lefdal) mot Sykehuset Innlandet HF (advokat Peter Simonsen)
Dommarar: Bårdsen, Bull, Noer, Stabel, Tjomsland
Saka gjaldt erstatningsoppgjer ved delt byggherrestyrt entreprise, der den rådgivande ingeniøren ved prosjekteringa av eit kjøleanlegg hadde gjort feil som førte til at heile anlegget til slutt måtte skiftast ut. Det var spørsmål om kostnader ved eit mislykka forsøk på å utbetre kjøleanlegget skulle reknast som erstatning for det tapet byggherren hadde på grunn av feilprosjekteringa frå rådgivaren si side, og dermed var omfatta av ansvarsavgrensinga i NS 3403 punkt 12. Høgsterett tok utgangspunkt i at den rådgivande ingeniøren ikkje hadde plikt til å betale utbetringa av sjølve kjøleanlegget. Etter oppfordring frå byggherren hadde rådgivaren likevel teke på seg å leie utbetringsarbeidet, utan vederlag. I det låg det ikkje at rådgivaren dermed også hadde akseptert å dekkje utbetringskostnadene uavhengig av dei rammene som følgde av den opphavlege entreprisen, mellom anna ansvarsavgrensinga i NS 3403 punkt 12. Utbetringsforsøket måtte ut frå dei konkrete forholda betraktast som ei praktisk gjennomføring av erstatningsoppgjeret.