Fordeling av utgifter til drift og vedlikehald av heisane i eit bustadsameige
Høgsteretts dom, 14.11.2013, HR-2013-02409-A, (sak nr. 2013/596), sivil sak, anke over dom
Johan H. Martens mfl. (advokat Fred Arne Gade) mot Sameiet Gregers Grams vei (advokat Jan-Erik Nielsen)
Dommarar: Falkanger, Stabel, Endresen, Kallerud, Tjomsland
Saka gjaldt fordeling av utgifter til drift og vedlikehald av heisane i eit bustadsameige. Sameiget bestod av sju blokker, og det var heis i berre fire av dei. Spørsmålet var om eigarane av sameigeseksjonane i dei tre blokkene som ikkje hadde heis, skulle vere med på å dekkje kostnadene etter sameigebrøk, eller om kostnadene skulle dekkjast etter den nytten sameigarane hadde av heisane. Fleirtalet (tre dommarar) kom til at hovudregelen i eigarseksjonslova § 23 om fordeling etter sameigebrøk måtte takast i bruk. Dei uttalte at unntaksregelen om fordeling etter nytte måtte tolkast snevert. Regelen kunne først og fremst komme til bruk ved utgifter til nye installasjonar, og det var ikkje grunn til å fråvike dette utgangspunktet i denne saka. Mindretalet (to dommarar) framheva at eigarane av seksjonane i dei tre blokkene utan heis ikkje hadde nytte av dei aktuelle heisane. Det dreidde seg dessutan om langt større kostnader enn ved vanleg vedlikehald. Unntaksregelen måtte derfor komme til bruk.