Gyldigheita av føresegner i forskrift om delvis allmenngjøring av Verkstedsoverenskomsten for skips- og verftsindustrien
Høgsteretts dom, 05.03.2013, HR-2013-00496-A, (sak nr. 2012/1447), sivil sak, anke over dom
STX OSV AS, STX Norway Florø AS, Kleven Verft AS, Myklebust Verft AS, Bergen Group Shipbuilding AS, Ulstein Verft AS, Havyard Ship Technology AS, Aibel AS (advokat Ingvald Falch) mot staten v/Tariffnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Pål Wennerås)
Dommarar: Matheson, Øie, Endresen, Bergsjø, Schei
Tariffnemnda vedtok i 2008 forskrift om delvis allmenngjøring av Verkstedsoverenskomsten for skips- og verftsindustrien. Ved forskrifta fekk også uorganiserte og utanlandske arbeidstakarar rett til lønns- og arbeidsvilkår som er likeverdige med dei vilkåra norske arbeidstakarar har innanfor verkeområdet til tariffavtalen. Ei gruppe industribedrifter saksøkte staten v/Tariffnemnda for å få kjent forskrifta ugyldig. Dei gjorde gjeldande for Høgsterett at EØS-avtalen artikkel 36 og EØS-direktivet om utsende arbeidstakarar er til hinder for å kunne allmenngjere avtalevilkår om utanbystillegg, arbeidstid, overtidstillegg og kostnadsdekning ved overnatting utanfor heimen. Høgsterett kom samrøystes til at dei omstridde føresegnene oppfyller dei EØS-rettslege krava til allmenngjering, og at forskrifta er gyldig.