Gyldigheita av ein avtale mellom ein kommune og eit burettslag om maksimalpris ved sal av andelar i burettslaget
Høgsteretts dom 22.10.2013, HR-2013-02197-A, (sak nr. 2013/615), sivil sak, anke over dom
Ungbo I Borettslag (advokat Olav Martin Jentoft jr.) mot Bodø kommune (kommuneadvokaten Mona Negård)
Dommarar: Indreberg, Kallerud, Bårdsen, Skoghøy, Schei
Avtalen går ut på at omsetning av andelane i burettslaget skal skje til opphavleg pris korrigert for utviklinga i konsumprisindeksen. Avtalen er tidsubestemt, og vedtektene på dette punktet kan ikkje endrast utan samtykke frå kommunen.
Burettslagslova av 1960, som gjaldt da burettslaget blei stifta, kravde at departementet samtykte i dei vedtektsfesta vilkåra for å vere andelseigar for at prisreguleringa skulle vere gyldig. Eit slikt samtykke låg ikkje føre, og prisreguleringa var derfor ugyldig så lenge 1960-lova gjaldt. Etter den nogjeldande burettslagslova av 2003 krevst det for prisregulering at ei vedtektsføresegn om det har fått tilslutning frå alle andelseigarane som er omfatta, og har sakleg grunn. Høgsterett kom under tvil til at måten andelseigarane hadde opptredd på etter at den nye lova hadde tredd i kraft, innebar at tilslutningskravet var oppfylt. Prisreguleringa var også sakleg, og det var ikkje grunnlag for å setje avtalen til side etter avtalelova § 36.