Spørsmål om arbeid er utført som ledd i ein entreprise, eller om det er tale om innleige av arbeidskraft
Høgsteretts dom 28.06.2013, HR-2013-01391-A, (sak nr. 2013/4), sivil sak, anke over dom
A (advokat Eyvind Mossige) mot Statoil ASA (advokat Kurt Weltzien)
Dommarar: Matheson, Øie, Indreberg, Noer, Matningsdal
Saka gjaldt spørsmålet om eit arbeid er utført som ledd i ein entreprise, eller om det er tale om innleige av arbeidskraft som etter arbeidsmiljølova § 14-12 fjerde ledd jf. § 14-9 femte ledd kan gi krav på fast tilsetjing.
Høgsterett slo samrøystes fast at det følgjer av sikker rett at grensa mellom innleige og entreprise skal trekkjast etter ei heilskapleg vurdering av dei momenta som Høgsterett tidlegare har lagt til grunn i Rt. 2002 side 1469 og side 1475. Det blei uttalt at det avgjerande for grensedraginga er kven av partane som har ansvaret for leiinga og resultatet av det arbeidet som skal presterast. Vidare blei det uttalt at det for sondringa mellom entreprise og innleige ikkje kan vere avgjerande om oppdraget går ut på å levere eit produkt eller ei løpande teneste i form av bemanning. Høgsterett kunne likevel ikkje utelukke at ei fragmentering av verksemda til ein oppdragsgivar ved å inngå ei rekkje entreprisar som dekkjer behovet for å operere i marknaden kan utfordre arbeidsmiljølova sitt formål om sikring av trygge tilsetjingstilhøve. Det er likevel ei lovgivaroppgåve å vurdere om det er behov for å nyansere eller trekkje eventuelle nye grenser på dette feltet, og i tilfelle på kva måte.
Etter ei konkret bevisvurdering kom Høgsterett til at det omstridde arbeidet – som var levering av bedriftsinterne posttenester – var utført som ledd i ein entreprise. Arbeidstakaren i bemanningsfirmaet kunne etter å ha arbeidd i meir enn fire år i verksemda difor ikkje reknast som fast tilsett hos oppdragsgivaren etter føresegna i arbeidsmiljølova § 14-12 fjerde ledd, jf. § 14-9 femte ledd.