Spørsmål om bortfeste av tomt til bustadblokk med utleigeleilegheiter er omfatta av "tomt til bustadhus"

Høgsteretts dom, 17.04.2013, HR-2013-00809-A, (sak nr. 2012/1596), sivil sak, anke over dom

Kristiania Hjemmelselskap AS (advokat Mathias Tveten) mot AS Bærums-Hus (advokat Tallag Andersen)

Dommarar: Tjomsland, Øie, Noer, Webster, Schei

Saka gjaldt spørsmålet om bortfeste av tomt til bustadblokk med utleigeleilegheiter er omfatta av "tomt til bustadhus" i tomtefestelova § 15 første ledd, noko som vil innebere at festeavgifta maksimalt vil kunne regulerast på grunnlag av endringar i konsumprisindeksen.

Høgsterett kom – i motsetning til tingretten og lagmannsretten – til at forholdet ikkje var omfatta av regelen i § 15 første ledd, og overskjønnet til lagmannsretten blei difor oppheva. Høgsterett la avgjerande vekt på at dei forbrukarrettslege omsyna som grunngav den preseptoriske regelen i § 15 første ledd, ikkje gjer seg gjeldande når det er tale om bortfeste til næringsformål, slik det var i dette tilfellet.

Det hadde vore gjort gjeldande ulikt syn på det tolkingsspørsmålet som låg føre som Høgsterett fann tvilsamt, og det blei difor ikkje tilkjent sakskostnader for nokon instans.

Les avgjørelsen i sin helhet