Spørsmål om dødsfall etter cellegiftkur var utslag av ein risiko pasienten måtte akseptere
Høgsteretts dom, 08.05.2013, HR-2013-00986-A, (sak nr. 2012/2142), sivil sak, anke over dom
Staten v/Pasientskadenemnda (advokat Bente Tautra) mot A, B, C og D (advokat Christian Thrane Asserson)
Dommarar: Webster, Kallerud, Noer, Indreberg, Øie
Saka gjaldt spørsmålet om eit dødsfall etter ein cellegiftkur som ledd i behandling av kreft var utslag av ein risiko pasienten måtte akseptere etter pasientskadelova § 2 tredje ledd, slik at dei etterlatne dermed ikkje hadde krav på erstatning.
E fekk konstatert kreft i endetarmen utan spreiing, og sannsynet for at ho ville overleve ved adekvat behandling, var 85–95 prosent. Utan behandling ville kreftsjukdommen hennar med sikkerheit vore dødeleg. Ho fekk ei fullt ut adekvat behandling med mellom anna cellegift. Truleg reduserte cellegifta immunforsvaret hennar, noko som igjen førte til at ho fekk ein infeksjon med hjernesvinn og dødsfall som følgje. Partane var einige om at den konkrete dødsårsaka var ei "særlig stor eller særlig uventet" følgje av cellegiftbehandling, jf. § 2 tredje ledd. Spørsmålet var om skaden var "utslag av en risiko som pasienten må akseptere".
Høgsterett fann at § 2 tredje ledd er ei unntaksføresegn – ein tryggingsventil – som skal brukast forsiktig. Føresegna gir ikkje rettleiing om ei fri rimelegheitsvurdering. Kreftpasientar og andre pasientar med livstruande sjukdom er ikkje generelt unnatekne frå føresegna, men det at sjukdommen er livstruande, er eit sentralt moment i vurderinga. Der behandlinga er adekvat og nødvendig for å redde livet til pasienten, vil skade som følgje av behandlinga normalt betraktast som "utslag av en risiko som pasienten må akseptere".
Vedtaket om å nekte dei etterlatne erstatning var dermed gyldig.