Spørsmål om ein lagdommar som er leiar av Klagenemnda for petroleumsskatt, er inhabil
Høgsteretts dom, 04.12.2013, HR-2013-02518-A, (sak nr. 2013/412), sivil sak, anke over dom
Kistefos Venture Capital AS (advokat Anders Ryssdal) mot staten v/Skatt øst (advokat Ole Kristian Rigland)
Dommarar: Webster, Bergsjø, Falkanger, Kallerud, Stabel
Saka gjaldt spørsmålet om ein lagdommar som er leiar for Klagenemnda for petroleumsskatt, var inhabil ved lagmannsrettsbehandlinga av ei sak om skatt på gevinst ved aksjesal, nærmare bestemt om det låg føre "særegne omstendigheter … som er skikket til å svekke tilliten til hans uhildethet", jf. domstollova § 108.
Fleirtalet i Høgsterett, tre dommarar, kom til at lagdommaren ikkje var inhabil. Det blei lagt avgjerande vekt på at nemnda er ein klageinstans som, sjølv om han er ein del av forvaltninga, skal vere fagleg uavhengig av skattemyndigheitene. Skattespørsmålet som var behandla i lagmannsretten, høyrde ikkje inn under det faglege området til nemnda. Betydninga av sjansen for gjenoppnemning og forholdet til EMK blei drøfta.
Mindretalet, to dommarar, kom til at lagdommaren var inhabil.