Spørsmål om stebarn av ein drepen person
Høgsteretts dom, 31.05.2013, HR-2013-01144-A, (sak nr. 2013/72), sivil sak, anke over dom
A (advokat Randulf Schumann Hansen) mot B (advokat Arve Opdahl)
Dommarar: Falkanger, Bårdsen, Utgård, Øie, Schei
Saka gjeldspørsmål om stebarn av ein drepen person kan tilkjennast oppreising etter skadeserstatningslova § 3-5 andre ledd.
Reelt sett hadde stefaren alltid fungert som far for stebarnet. Sjølv om omsynet til rimelegheit difor klart kunne tilseie at ho skulle tilkjennast oppreising frå drapsmannen, opna ikkje lova for dette. Ho var ikkje omfatta av formuleringa "barn" i § 3-5 andre ledd, og det gjekk fram av forarbeida at lovgivaren ikkje hadde ønskt at det skulle leggast opp til ei skjønnsvurdering basert på nærleik til den drepne. Høgsterett uttalte at krav om oppreising måtte vere forankra i ei lovføresegn.