Spørsmål om utvisningsvedtak
Høgsteretts dom 26.06.2013, HR-2013-01358-A, (sak nr. 2013/145), sivil sak, anke over dom
Staten v/Utlendingsnemnda (Regjeringsadvokaten v/advokat Marius Stub) mot A (advokat Jan M. Birkeland)
Dommarane: Utgård, Endresen, Falkanger, Webster, Tjomsland
Saka gjaldt spørsmålet om utvisingsvedtak etter utlendingslova § 66 første ledd bokstav a, er gyldig. Det sentrale spørsmålet var kva tidspunkt som skal leggjast til grunn ved avgjerda av om det hovudsaklege føremålet med inngåing av ekteskap er å etablere eit grunnlag for opphald i riket, jf. utlendingslova § 40 første ledd, jf. fjerde ledd.
Høgsterett viste til at det i § 40 fjerde ledd blir tala om "formålet med inngåelsen av ekteskapet". Reglane om å inngå ekteskap står i ekteskapslova kapittel 3, og knyter seg til handlingar ved vigselen. Etter ordlyden er det dermed vigselstidspunktet som er avgjerande. Det er ikkje utsegner i førearbeida som gir grunnlag for noka anna forståing enn den som følgjer av den klare ordlyden i lova.
Lagmannsretten hadde knytt vurderinga til vedtaktstidspunktet i utvisingssaka, som var meir enn eitt år etter vigselstidspunktet. Dette var feil lovbruk. Høgsterett hadde full kompetanse i saka. Ut frå at det i planleggingsmøtet var bede om at partane først og fremst fokuserte på det prinsipielle tolkingsspørsmålet, var faktum dårleg opplyst, og Høgsterett valde å oppheve lagmannsrettsdommen slik at situasjonen på vigselstidspunktet kan bli prøvd i lagmannsretten.