Domfelling etter straffelova § 199

Høgsteretts dom, 17.04.2013, HR-2013-00810-A, (sak nr. 2012/1999), straffesak, anke over dom

A (advokat Bent Endresen) mot Den offentlige påtalemyndighet (statsadvokat Arvid Malde)

Dommarar: Noer, Webster, Tjomsland, Øie, Schei

Saka gjeld domfelling etter straffelova § 199, som mellom anna rammar den som har seksuell omgang med ein person under 18 år som han har omsorg for. Spørsmålet i saka er om den domfelte etter lova hadde omsorg for den fornærma – som var stebarnebarnet til den domfelte. Høgsterett la til grunn at det ikkje er eit krav at barnet bur hos stebesteforeldra for at det skal karakteriserast som "omsorg". Men det må vere eit krav at samværet skjer på ein regelmessig og nokolunde fast basis, anten ved at barnet bur saman med gjerningsmannen til vanleg, eller ved helgebesøk eller i ferier.

Det gjekk fram av dommen i lagmannsretten at jenta var ofte og regelmessig hos mormora og sambuaren hennar, og at den domfelte fungerte som "reservebestefar". Høgsterett fann at grunngivinga til lagmannsretten, samla sett, viste at den domfelte hadde hatt ei rolle og ei tilknyting til den fornærma som tilsa at ho stod under hans omsorg i den forstand straffelova § 199 bruker dette uttrykket.

Les heile avgjerda