Forståinga av straffelova § 128

Høgsteretts dom, 21.11.2013, HR-2013-02440-A, (sak nr. 2013/1619), straffesak, anke over dom

A (advokat Arne Gunnar Aas) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Tormod Haugnes)

Dommarar: Bårdsen, Bull, Matheson, Øie, Utgård

Saka gjaldt forståinga av straffelova § 128, som rammar den som ved truslar søkjer å påverke ein offentleg tenestemann til "uretmæssig at foretage eller undlade en Tjenestehandling".

A hadde møtt fram på eit av kontora til Nav med ein kniv i jakkeermet, gjort ein tilsett merksam på kniven og gitt uttrykk for at dersom ho ikkje fekk snakke med saksbehandlaren sin, ville ho bruke kniven til å skade seg sjølv. Ho blei bedt om å vente, og blei etter eit kvarters tid gripen av politiet. Ho blei frifunnen i tingretten. Lagmannsretten oppheva dommen ettersom forholdet – slik lagmannsretten vurderte det – kunne straffast etter § 128. Høgsterett kom til at forholdet ikkje blei ramma av straffelova § 128. Det ville ikkje ha vore urettmessig av saksbehandlaren å ha ein samtale med A. Forholdet blei da ikkje omfatta av § 128, jf. Rt. 2004 side 1464. Dommen var frifinnande.

Les heile avgjerda