Brot på straffelova § 229 om lekamsskading
Høgsteretts dom, 21.11.2013, HR-2013-02441-A, (sak nr. 2013/1444), straffesak, anke over dom
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Førde) mot A (advokat John Christian Elden)
Dommarar: Bull, Normann, Bårdsen, Matheson, Utgård
Saka gjaldt rettsbruken og straffutmålinga i ei straffesak om brot på straffelova § 229 om lekamsskading, jf. § 232. Spørsmålet var særleg korleis ein skulle forstå uttrykket "betydelig Skade paa Legeme eller Helbred" i § 229 tredje straffalternativ. Dette uttrykket er definert i straffelova § 9, og dei aktuelle delane av definisjonen var alternativa "langvarig Sygdom" og "alvorlig psykisk skade".
Med tilvising til rettspraksis og forarbeida til ei endring av § 9 i 1992 kom Høgsterett til at "langvarig Sygdom" ikkje omfatta psykiske skadar. Når dei fysiske skadane da ikkje førte til ein sjukdom som var tilstrekkeleg "langvarig", kunne ein ikkje oppfylle dette vilkåret ved slå saman denne sjukdomsperioden med ei etterfølgjande sjukmelding basert på psykisk skade som ikkje kunne reknast som tilstrekkeleg "alvorlig" etter definisjonen i lova. Lagmannsretten si nedsubsumering frå tredje til andre straffalternativ var derfor korrekt.
Også straffutmålinga til lagmannsretten ‒ fengsel i eitt år og ti månader, der ei delvis tilståing var tillagd noko vekt ‒ blei ståande.