Straffutmåling for narkotikabrotsverk - spørsmål om grunnlag for å nytte samfunnsstraff i staden for fengsel
Høgsteretts dom, 03.05.2013, HR-2013-00948-A, (sak nr. 2012/2017), straffesak, anke over dom
A (advokat Berit Reiss-Andersen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Jostein Johannessen)
Dommarane Utgård, Bårdsen, Kallerud, Falkanger, Schei
Saka gjeldt straffutmåling for narkotikabrotsverk, og hovudspørsmålet var om det var grunnlag for å nytte samfunnsstraff i staden for fengsel.
Høgsterett viste til avgjerda i sak HR-2013-00947-A tidlegare same dag. Saka no gjaldt likevel ei sak der straffa var fengsel i meir ein eitt år, og der det skal sterke grunnar til for å nytte samfunnsstraff.
Saka gjeldt grovt narkotikabrotsverk ved erverv av 187 gram amfetamin, og i tillegg to andre narkotikabrotsverk. Lagmannsretten hadde utmålt straffa til fengsel i eitt år og fire månader, og både aktor og forsvarar var einige i at det var straffa dersom det ikkje vart nytta samfunnsstraff.
Domfelte hadde misbrukt amfetamin i om lag eitt år, då han flytta frå byen og heim til foreldra der han kom frå. Han braut samstundes med narkotikamiljøet, og det er lagt til grunn at han også kutta ut misbruket. Dette skjedde utan bistand av det offentlege hjelpeapparatet. Han hadde heile tida stått i arbeid som fiskar, og det er lagt til grunn at han ikkje rusa seg om bord. Arbeidsgivaren forklara at han kunne ta opp att arbeidet som fiskar etter ei eventuell soning.
Høgsterett uttala at det var tvilsamt at det her kunne seiast å vere tale om rehabilitering i den meining dette var gitt i praksis om samfunnsstraff. Ikkje under noko omstende var det ein situasjon der soning i fengsel ville øydelegge den utviklinga som hadde vore. Det var då ikkje tilstrekkelege grunnar til å nytte samfunnsstraff.
Etter dette vart anken frå den domfelte forkasta.