Straffutmåling for seksuell omgang med eit barn under 16 år

Høgsteretts dom, 26.09.2013, HR-2013-02023-A, (sak nr. 2013/1351), straffesak, anke over dom

I.  Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Thorbjørn Klundseter) mot A (advokat Mette Yvonne Larsen)

II. A (advokat Mette Yvonne Larsen) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Thorbjørn Klundseter)

Dommarar: Falkanger, Bårdsen, Webster, Bull, Tjomsland

Saka gjeld straffutmåling for seksuell omgang med eit barn under 16 år, jf. straffelova § 196 første ledd.

I ein periode på 22 månader hadde den tiltalte – som da var rundt 50 år gammal – jamleg samleie med ei jente som var mellom 14 og 16 år gammal. I dommen er det uttalt at dei skjerpande omstenda i saka førte til at det normalstraffenivået på fengsel i 6 månader som forarbeida til lovendringa 25. juni 2010 rår til, berre i avgrensa grad kunne gi rettleiing i saka. Det blei særleg peikt på omfanget av den seksuelle omgangen, at den tiltalte hadde misbrukt den framtredande offentlege stillinga si for å oppnå den seksuelle kontakten, at han hadde ei slags omsorgsrolle for den krenkte, at den krenkte var særleg sårbar, at ho nettopp hadde fylt 14 år på tidspunktet for det første samleiet, og at den tiltalte hadde overtalt henne til å innleie eit seksuelt forhold til ein gut på same alder for å dekkje over krenkingane for omverda. Det låg ikkje føre formildande omstende. At mediedekninga hadde vore ei belastning for den tiltalte, kunne ikkje tilleggjast vekt. Det same gjaldt dei helseproblema han hadde pådrege seg.

Medan lagmannsretten hadde sett straffa til fengsel i eitt år og tre månader, fann Høgsterett at straffa burde hevast til fengsel i to år og tre månader.