Krav frå ein domfelt som grunna seg i lang behandlingstid i sak om opphøyr av tvunge psykisk helsevern

Høgsteretts dom, 08.04.2014, HR-2014-00741-A, (sak nr. 2014/28), straffesak, anke over dom

A (advokat John Christian Elden) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Thomas Frøberg)

Dommarar: Utgård, Falkanger, Bull, Noer, Gjølstad

Saka gjald krav frå ein domfelt som grunna seg i lang behandlingstid i sak om opphøyr av tvunge psykisk helsevern, jf. straffelova § 39 b. Ei slik sak går etter reglane i straffeprosesslova. Spørsmåla var om domstolane då kan behandle eit krav om oppreisning og om det kan givast dom for at vernet etter EMK – den europeiske menneskerettskonvensjonen – er krenkt.

Høgsterett kom til at krav om oppreisning i ei sak som går etter straffeprosesslova, skal behandlast etter reglane i straffeprosesslova kapittel 31. Det er der i § 449 fastsett at krav om "erstatning eller oppreisning" skal avgjerast av departementet. Avgjerdsmyndet er delelegert til Statens sivilrettsforvaltning. Avgjerder kan prøvast for retten, men då etter tvistelova. Praksis i tidlegare saker for Høgsterett, der kompetansespørsmålet ikkje hadde vore problematisert, kunne ikkje tilseie ei anna løysing. Det kunne heller ikkje praksis ved Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Lagmannsretten hadde ikkje tilkjent noko beløp i oppreisning. Avgjerda om å behandle spørsmålet i saka vart likevel oppheva og spørsmålet avvist frå domstolane.

Behandlingstida for saka innebar krenking av kravet til rask behandling i Den europeiske menneskerettskonvensjonen artikkel 5 nr. 4. Den domfelte meinte at dette skulle kome til uttrykk i domskonklusjonen. Høgsterett viste til at straffeprosesslova kapittel 1 nemner dei spørsmål som kan avgjerast i ei sak etter straffeprosesslova, og at konstatering av konvensjonsstrid ikkje er mellom desse. Domstolane kan såleis ikkje gi dom for dette slik at det kjem med som eit særskilt punkt i konklusjonen. Ei krenking kan likevel kome fram i domsgrunnane, eventuelt ved at det blir gitt reduksjon i straffa, og domfelte kan også setje fram krav på erstatning eller oppreisning i medhald av straffeprosesslova kapittel 31.

Lagmannsretten hadde konstatert konvensjonsstrid i domsgrunnane, men ikkje sagt dette i eit særskilt punkt i domsslutninga. Anken frå domfelte over dette vart då forkasta.

Les heile avgjerda