Lovbruk ved domfelling for vald som ei mor hadde utøvd mot dottera si
Høgsteretts dom, 26.06.2014, HR-2014-01361-A, (sak nr. 2014/479), straffesak, anke over dom
Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Magne Nyborg) mot A (advokat Arild Dyngeland)
Dommarar: Bull, Tønder, Indreberg, Kaasen, Skoghøy
Høgsterettsdom, 26.06.2014, HR-2014-01361-A, (sak nr. 2014/479), straffesak, anke over dom
Saka gjaldt lovbruken ved domfelling for vald som ei mor hadde utøvd mot dottera si. Spørsmålet var om eitt tilfelle av valdsbruken i seg sjølv utgjorde brot på straffelova § 219 om mishandling i nære relasjonar, eller om forholdet i staden skulle straffast etter § 228 om lekamskrenking.
På bakgrunn av ordlyd og fråsegner i forarbeida og tidlegare høgsterettsdommar uttalte Høgsterett at eitt tilfelle av valdsbruk kan vere tilstrekkeleg til at § 219 kjem til bruk. Det er altså ikkje nødvendig at den aktuelle handlinga inngår i eit mønster av krenkjande åtferd. I tillegg til at handlinga objektivt sett er grov, må det leggjast vekt på om handlinga er eigna til å skape frykt hos den krenkte for nye, liknande krenkingar. Det kan ikkje vere eit vilkår at krenkinga reint faktisk har skapt ei slik frykt.
Høgsterett kom til at den konkrete rettsbruken var feil når det avgjerande mindretalet i lagmannsretten hadde komme til at det aktuelle enkelttilfellet ikkje utgjorde noko brot på § 219.