Spørsmål om den nedre grensa for bruk av strl. § 390 a var broten
Høgsteretts dom, 25.06.2014, HR-2014-01336-A, (sak nr. 2014/873), straffesak, anke over dom
A (advokat Frode Sulland) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Erik Førde)
Dommarar: Kallerud, Stabel, Endresen, Bergsjø, Matningsdal
Saka gjaldt om den nedre grensa for bruken av straffelova § 390 a var broten.
Etter gjennomgang av ordlyden i og forarbeida for føresegna la Høgsterett til grunn at ei fredskrenking først blir straffbar etter § 390 a dersom ho går markert utover det ubehaget som alminneleg menneskeleg samkvem regelmessig kan føre med seg. Ei krenking blir dermed berre ramma dersom ho kan karakteriserast som omsynslaus eller kvalifisert klanderverdig.
Omstende som når og kvar handlinga blei utført, om ho hadde eit aktverdig formål, og måten den fornærma opptredde på, vil ofte vere sentrale element i den konkrete heilskapsvurderinga.
Forholdet i den konkrete saka blei innleidd ved at den tiltalte vende seg til ein passasjer i ein bil som på dagtid stod parkert utanfor eit handlesenter med motoren i gang. Bakgrunnen var aktverdig: Han ønskte å få henne til å stanse tomgangskøyring i strid med trafikkreglane § 16, som han som astmatikar var særleg oppteken av. Ut frå domsgrunnane i tingretten måtte det leggjast til grunn at det ikkje var noko å seie på måten den tiltalte vende seg til bilpassasjeren på, men at ho på si side reagerte med avvising og skjellsord. Den tiltalte opna da bildøra, lente seg over passasjeren og fekk etter eit par forsøk vridd om tenningsnøkkelen slik at motoren stansa.
Etter ei samla vurdering kom Høgsterett til at denne fredskrenkinga ikkje kunne karakteriserast som omsynslaus åtferd som blir ramma av § 390 a, og den tiltalte blei frifunnen.