Spørsmål om ein meddommar i ei straffesak for tingretten var inhabil, jf. domstollova § 108

Høgsteretts dom, 28.01.2014, HR-2014-00198-A, (sak nr. 2013/1846), straffesak, anke over dom

I.  Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Håvard Kampen) mot A (advokat Nicolai V. Skjerdal)

II.  Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Håvard Kampen) mot B (advokat John Christian Elden)

III.  Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Håvard Kampen) mot C (advokat Gunnar K. Hagen)

Dommarar: Falkanger, Tjomslan d, Skoghøy, Bull, Schei

Saka gjaldt spørsmål om ein meddommar i ei straffesak for tingretten var inhabil, jf. domstollova § 108.

Medan ei omfattande og langvarig forhandling pågjekk i ei straffesak om bedrageri mot tre tiltalte, blei det gjort eit innbrot hos naboen til den eine av meddommarane i saka. Motivet for innbrotet var uklart, og politiet heldt det ope om gjerningsmennene kunne ha teke feil hus. Da meddommaren fekk høyre dette, kontakta han politiet. I politiforklaringa informerte han om at han for tida var meddommar i bedragerisaka. Han gav uttrykk for at han ikkje hadde fått signal om at det var nokon samanheng mellom innbrotet og rolla hans i bedragerisaka, men kom samtidig med fleire nedsetjande karakteristikkar av dei tiltalte i saka.

Tingretten kom til at utsegnene ikkje gjorde meddommaren inhabil. Dei tre tiltalte blei dømde til langvarige fengselsstraffer, inndraging og erstatning. Etter anke kom lagmannsretten til at meddommaren hadde vore inhabil, og dommen blei oppheva. Høgsterett var einig med lagmannsretten. Dei negative karakteristikkane var eigna til å svekkje tilliten til at meddommaren var uhilda.

Les heile avgjerda