Spørsmål om underslag støttekontakten til den fornærma hadde gjort, var grovt
Høgsteretts dom, 26.06.2014, HR-2014-01360-A, (sak nr. 2014/625), straffesak, anke over dom
A (advokat Arild Dyngeland) mot Den offentlege påtalemakta (førstestatsadvokat Eirik Stolt-Nielsen)
Dommarar: Indreberg, Kaasen, Bull, Tønder, Skoghøy
Saka gjaldt spørsmålet om eit underslag som støttekontakten til den fornærma hadde gjort, var grovt, og om det var grunnlag for å ta i bruk samfunnsstraff.
Etter først å ha fått fullmakt av brukaren til å disponere bankkontoen hennar hadde støttekontakten via nettbank i ein periode på over eitt år overført pengar frå kontoen hennar til sin eigen konto, totalt 179 000 kroner. Av det hadde støttekontakten brukt 78 918 kroner til eigne formål, medan resten av beløpet var brukt til å dekkje kontantbehov, rekningar og utgifter for brukaren.
Høgsterett kom til at det ikkje var tvil om at det var tale om eit grovt underslag. Det underslåtte beløpet var neppe stort nok i seg sjølv til å gjere underslaget grovt, men underslaget representerer eit brot på den særlege tilliten som følgjer med stillinga som støttekontakt.
Høgsterett kom også til at forholdet var for alvorleg til at samfunnsstraff kunne takast i bruk. Det gjaldt sjølv om saka hadde lege ubehandla hos politiet i vel åtte månader. Høgsterett la likevel vekt på dette og vurderte at straffa som var fastsett i lagmannsretten på fengsel i 60 dagar, av dei 30 dagar på vilkår med ei prøvetid på to år, var passande.