Straffutmåling - ulovlig bæring av skytevåpen

Høyesteretts dom, 18.12.2014, HR-2014-02476-A, (sak nr. 2014/1700), straffesak, anke over dom 

Den offentlige påtalemyndighet (statsadvokat Erik Førde) mot A (advokat Trygve Staff)

Dommere: Utgård, Bergsjø, Kallerud, Matningsdal, Gjølstad

Saka gjeldt utmåling av straff hovudsakleg for å ha med våpen på offentleg stad utan aktverdig grunn, jf. våpenlova § 33 andre ledd, jf. § 27 b andre ledd. A om lag klokka to ei natt med seg ein ladd revolver inn på ein utestad.

Høgsterett la til grunn at desse omstenda gjorde at det var rett når forholdet vart ført inn under reglane om grovt brot etter våpenlova § 33, og at domfellinga såleis med rette skjedde etter andre ledd i føresegna. I tillegg kom at A hadde våpenet med seg til "sjølvforsvar", og at det var eit våpen han ikkje hadde lovleg heimel til å ha. Forholdet låg då ikkje i nedre del av det strengare straffalternativet i andre ledd, men i det sentrale verkeområdet for dette leddet.

Høgsterett la til grunn at straffa i utgangspunktet måtte setjast til fengsel i 6 månader. Det vart vist til behovet for streng reaksjon mot slik handlemåte, og til signaleffekten ved klar reaksjon. Som følgje av tilståing vart straffa sett til fengsel i 5 månader.

Les avgjørelsen i sin helhet