Straffutmåling i valdtektssak - spørsmålet var særleg om det skulle givast dom på forvaring

Høgsteretts dom 15.05.2014, HR-2014-00970-A, (sak nr. 2014/253), straffesak, anke over dom

A (advokat Frode Sulland) mot Den offentlege påtalemakta (statsadvokat Thomas Frøberg)

Dommarane: Utgård, Kaasen, Noer, Matningsdal, Schei

Saka gjaldt straffutmåling i valdtektssak. Spørsmålet var særleg om det skulle givast dom på forvaring.

Domfellinga gjaldt eitt tilfelle av valdtekt til samleie og eitt tilfelle av valdtekt til seksuell omgang. Ved den første handlinga var den domfelte 18 år og 4 månader gammal; ved den andre 18 år og 8 månader.

Høgsterett kom til at handlingane samla sett gav grunnlag for ei straff på fengsel i 5 år og 6 månader.

Spørsmålet var så om det skulle givast dom på forvaring. Høgsterett la til grunn at det på domstidspunktet var ein nærliggjande fare for nye seksuallovbrot. Det var vist til dei handlingane domfellinga gjeld, og også til tidlegare forgåingar.

I dommen er det så drøfta om tidsfastsett straff kan reknast å vere tilstrekkeleg for å verne samfunnet, jf. det såkalla grunnvilkåret for forvaring. I dommen er det uttala at ein rettskraftig dom på fengsel må reknast å ha verknad. Den domfelte hadde ikkje tidlegare sona straff, når det blir sett bort frå ti dagar i varetekt etter den første forgåinga. Høgsterett viser så til at den domfelte var ung på handlingstida, berre 18 år gammal, og at det etter praksis då er grunn til å vise varsemd med bruk av forvaring.

Når ung alder vart kombinert med at den domfelte ikkje tidlegare hadde sona straff, kom Høgsterett til at det i det minste var slik tvil om det var tilstrekkeleg grunn til forvaring, at dette måtte slå gjennom.

Straffa vart etter dette fastsett til fengsel i 5 år og 6 månader.

Les heile avgjerda