Krav frå eineforhandlar om avgangsvederlag
Høgsteretts dom, 13.02.14, HR-2014-00306-A, (sak nr. 2013/1887), sivil sak, anke over dom
Webasto Thermo & Comfort SE (advokat Arne Seemann Berg - til prøve) mot Kolberg Caspary Lautom AS (advokat Magne Mjaaland)
Dommarar: Kallerud, Matheson, Tjomsland, Øie og Schei
Saka gjaldt krav frå ein eineforhandlar om å bli tilkjend avgangsvederlag etter analogi frå agenturlova § 28, subsidiært etteroppgjer basert på alminnelege obligasjonsrettslege reglar.
Høgsterett tok utgangspunkt i Rt. 1980 side 243 (Tampax), der fleirtalet avviste å bruke regelen om etterprovisjon for agentar i den no oppheva kommisjonslova § 68 andre ledd analogisk for ein eineforhandlar.
Etter ein gjennomgang av Tampax-dommen, det tidlegare og det nogjeldande regelverket, forarbeida og den EU-rettslege bakgrunnen for dagens regel om avgangsvederlag kom Høgsterett til at det ikkje var grunnlag for å vurdere analogispørsmålet annleis i dag enn i 1980. Rettsavklaringa som fleirtalet kom til i Tampax-dommen, er dermed framleis uttrykk for gjeldande rett.
Kravet om avgangsvederlag førte på denne bakgrunnen ikkje fram. Det var heller ikkje grunnlag for etteroppgjer etter alminnelege obligasjonsrettslege reglar.